|
Korseminar! (28 januar 2010)
Vil du vere med i BML sitt prosjekt-kor? Seminaret går over to helger i mars/mai, med sanger frå "Mamma Mia". Påmelding innan 15 februar. Sjå meir info HER
Nytt styre i BML (14 november 2009)
I årsmøtet 13. november vart det valgt nytt styre i BML. Desse er: Linda Hellen, (leiar ny), Bjørn Håvard Bjørklund, Nina Meldahl Olsen, Sigurd Lars Haldorsen (ny), Janne Robberstad (ny), Marianne Eidesvik (ny), Runa Våge Krughaug (vara) og Cecilie R. Thormodsæther (vara).
Årsmøte i BML! (12 september 2009)
Fredag 13. november kl 19.30 vert det avholdt årsmøte i Urangsvåg (Bømloteateret sine lokal) Saker til årsmøte må vere innmeldt innan 1. nov.
Etter årsmøtesakene blir det Saigon-fest, der me vil feire oss sjølv :-) Har du vore med i ein av BML sine tre siste produksjonar er du hjerteleg velkomen, men gi ei lita melding innan 1. nov til personal@bml.no om du kjem, slik at me får bestillt nok mat.
Håper me sjåast fredag den trettende...!
Da var eventyret over for denne gong! (17 august 2009)
Miss Saigon er historie, og ein kjempesuksess for BML. Meir enn 13000 mennesker såg dei 11 framsyningane. Tusen takk til alle aktørar, musikere og ikkje minst alle frivillige! Takk òg til publikum, håper me ser dykk igjen i Moster Amfi. Her er bilder fra MS:
http://fotoarkivet.b91.no/thumbnails.php?album=lastup&cat=0
No minkar muligheten... (13 august 2009)
Alle forestillinger har til no vore utsolgt. Billettservice har pr idag kun nokre hundre billetter igjen til den siste dagen, søndag 16. aug.
Det er fortsatt mulig å booke billettpakke inkl overnatting til alle dager: gann@bml.no
Billettkontoret i Moster Amfi (5 august 2009)
Kontoret kan kontaktes fra kl 18.00 kvar dag på tlf 53425712 og 13.
Uavhentede billetter kan tingast her kvar dag.
Ekstra billetter i salg! (31 juli 2009)
Det er i dag lagt ut fleire billetter for salg til fleire av dagane som var utsolgt hos Billettservice. Det er framleis ledige billettpakker til alle dager på MS Gann.
Kafe og Restaurant på MS Gann (31 juli 2009)
Åpningstider for kafè er kl 12.00 - 17.00, og restaurant kl 18.00 - 21.00 kvar dag.
Saigon Pub finn du i Mosterhamn, på kaien ved MS Gann. Velkomen innom!
Kun ei veke til premieren! (29 juli 2009)
Over 9000 solgte billettar og fleire framsyningar utsolgt, men framleis billettar ledig til alle dager på MS Gann. Torsdag 30. juli opnar Saigon Pub i Mosterhamn.
Me er i gang (13 juli 2009)
Øvingane er i gang i amfiet, og over 8000 billetter er solgt. Billetter får du på Billettservice/Posten. Treng du billett med overnatting, send ein epost til: gann@bml.no
Kan du hjelpe oss litt? (17 juni 2009)
Me treng din hjelp til å skaffe litt rekvisita til Miss Saigon. Sjå kva me treng HER
Siste hovudrolle på plass (8 juni 2009)
Heile castet er no klart, og Bjørn Håvard Bjørklund vil spele rolla Thuy: Sjå alle
6000 solgte bill. til Miss Saigon (5 juni 2009)
På dagen to månader før premieredagen, nådde me 6000 solgte billettar.
|
Billettsalet går godt (27 mai 2009)
Mange ynskjer å sjå Miss Saigon til sommaren, og det er me glade for. Pr. i dag er meir enn 5000 billettar solgt, og helgedagane er nær utsolgt hos Billettservice. Pakkar med billettar og overnatting på Gann kan framleis bestilles direkte hos oss til dei fleste framsyningsdagane. Tilbod Gann |
 |
Bilder frå øvingshelga (27 mai 2009)
Her ser du bilder frå øvingshelga til Miss Saigon 22.-24. mai på Olavskulen: Bilder
|
Strategiplan for felles framtid (10 mars 2009)
Bømlo Musikallaug og Bømloteateret har saman utforma ein plan for felles framtid, og denne er i dag presentert for politikere og samarbeidspartnarar. Løpet går over det neste året, og årsmøta i organisasjonane må sei seg einige. Les planen her: Strategiplan |
 Bjørn Håvard Bjørklund |
Kunstutstilling i høve Miss Saigon (25 februar 2009)
Bømlo Kunstlag utfordrar kreative sjeler: Utstilling sommaren 2009
|
Helikopteret er på plass! (11 februar 2009)
Miss Saigon og helikopter heng saman. Me har difor kjøpt eit Bell 212. Ikkje ein vanlig rekvisitt for eit teater, men så er heller ikkje Miss Saigon ein vanlig musikal :-) På tur...
|
 |
|
M/S GANN blir hotellskip i Mosterhamn (1 februar 2009)
Frå 29. juli til 17. august vil MS Gann ligge ved kai i Mosterhamn, som hotellskip før og under framsyningane av Miss Saigon. Her kan du bo og ete godt, før du går 5 min. til Moster Amfi og ser framsyninga. Send ein epost for pakketilbod til gann@bml.no
eller les meir om dette her |

|
Hovudroller i Miss Saigon (1 februar 2009)
Me er glade for å kunne vise dykk dei aller beste i rollene til Miss Saigon.
Billettsalet er i gong! (19 januar 2009)
Posten/Billettservice, tlf 815 33 133 eller: Billettsal
Informasjon om billettsal til Miss Saigon (5 januar 2009)
Me startar billettsalet mandag 19. januar 2009 via Billettservice/Posten, til Miss Saigon 5. - 16. august kl 22.00. For spørsmål om billettar eller annen informasjon, send ein mail til: saigon@bml.no
Etter årsmøte i BML 2008! (8 november 2008)
Årsmelding BML 2008.doc
|
Eit Laug blir til... (27 august 2008)
I år er det 10 år sidan ideen om eit Bømlo Musikallaug vart unnfanga.
Maren, Nina og Sigurd fekk i 1998 ideen om å produsere Jesus Christ Superstar i Moster Amfi, som vart BML sin fyrste produksjon sommaren 1999.
Resten er historie, og BML har sidan den gong ei rekke store produksjonar bak seg, samt den neste foran seg i 2009.
BML historie |
 Maren, Sigurd, Nina |
Stad og tid for audition! (16 juli 2008)
Auditionane vert:
Bømlo 2.-3. aug. - Bømlo Kulturhus , oppmøte kl 10.00 (påmelding avsluttet)
Bergen 10. aug. - Gimle, Kong Oscarsgt 18, oppmøte kl 10.00 (påmelding avsluttet)
Oslo 9. sept. - KFUM Huset, Grubbegata 4 (påmelding avsluttet)
Audition til Miss Saigon i Oslo 9 september! (9 juni 2008)
Dette vil i hovudsak vere ein audition for hovudrollene Chris og Kim. Rollealder for Chris: 18-30 år. Rollealder for Kim: 18-25 år. Ellers ingen føringar. Dei som ynskjer å prøve til desse rollene kan sjølvsagt møte på Bømlo eller i Bergen om det skulle høve betre. For påmelding, info eller spørsmål, send ein mail til: personal@bml.no
Sjå bilder frå audition på Bømlo 2.- 3. august (12 august 2008)
Ein strålande premierekveld! (28 mars 2008)
Så link til bilder frå Brytningstid
Me er klar til Brytningstid! (25 mars 2008)
Det er få dagar igjen til danseteaterframsyninga Brytningstid i Bømlo Kulturhus. Me planlegg kun tre framsyningar, den 27, 28 og 29 mars kl 19.00. No må du sikra deg billett ved å gå inn på Bømlo Kulturhus si heimeside.
http://www.bomlokulturhus.no/?tab=kultur
|
Musikalsk leiar i Miss Saigon. (21 februar 2008)
Eivind Gullberg Jensen var vår musikalske leiar både i Les Mis og Chess. Han har samtidig blitt ein etterspurd internasjonal dirigent, og reiser idag verda rundt med dei beste orkestera.
Me er veldig glade for at han igjen blir og sjå i Moster Amfi sommeren 2009, som musikalsk leiar i Miss Saigon!
|

|
Bilder frå Brytningstid. (20 februar 2008)
Sjå bildearkiv for nyaste bilder fra øvingane. Har du hugsa å tinga deg billett? :-)
Bilder frå Brytningstid
Info om øvingshelger Brytningstid. (23 januar 2008)
Brytningstid - Infoskriv nr.5.doc
Brytningstid - Infoskriv nr.6.doc
Brytningstid - Infoskriv nr.7.doc
|
Billettsalet til Brytningstid er i gong! (19 januar 2008)
Det er ikkje lenge igjen til danseteaterframsyninga Brytningstid i Bømlo Kulturhus. Me planlegg kun tre framsyningar, den 27, 28 og 29 mars kl 19.00. No kan du sikra deg billett ved å gå inn på Bømlo Kulturhus si heimeside. Me håpar å sjå deg der!
http://www.bomlokulturhus.no/?tab=kultur |

|
Frå produsenten. (18 januar 2008)
Pressemelding Brytningstid.doc
Etter årsmøte i BML. (8 desember 2007)
BML avholdt årsmøte fredag 30 november. Me var igjennom årsmøtesaker og informasjon om Brytningstid og Miss Saigon, før me avslutta kvelden med eit sosialt lag. Me takker Linda og Vidar som trer ut av styret, og ynskjer Nina og Marit hjarteleg velkomen inn. Oppdatert styre og referat ligg under: Om BML. Årsmelding ligg under. Styret i BML vil til slutt ynskje alle våre medlemmer, samarbeidspartnere og publikum ei god jul og eit godt kulturellt nytt år!
Årsmelding BML 2007.doc
|
Regissør og koreograf i Miss Saigon. (20 november 2007)
Me er glad for å allerede no kunne presentere Lisa Kent som vår regissør og koreograf i Miss Saigon i Moster Amfi 2009. Ho er utdanna ved Bush Davies School of Theatrical Arts, og har stor internasjonal erfaring som både dansar, koreograf og regissør. Lisa hadde m.o.a ansvaret for Miss Saigon i Danmark i 2001. Me ser fram til eit svært spanande samarbeid fram mot august 2009. www.gavinbarkerassociates.co.uk/creatives/lisa-kent.htm |

|
Me er særs glad for alle dei flotte tilbakemeldingane etter premieren på Brytningstid i går kveld. Sjå i biletarkivet for bilder frå Brytningstid. Sjå òg link til Haugesunds avis for deira anmelding: http://www.haugesunds-avis.no/article/20080328/KULTURKONSERT/820536229/1010/AKTUELT
Me vil avholde auditions i august/september på følgande stadar og datoar:
Bømlo: 2. - 3. august.
Bergen: 10. august
Oslo: 9. september
Interessa har vore god, men me søker fleire menn til audition for ensemble.
For påmelding, info eller spørsmål, send ein mail til Runa og Linda: personal@bml.no
Brytningstid er vel overstått, og me er meget godt fornøyd med resultatet. Nær 800 publikumere delte gleda med oss. Dette har vore eit viktig prosjekt for BML, da det syner ei anna side av oss, samt at fleire blir kjent med Kenneth sin musikk. Tusen takk til alle involverte på og bak scena, samarbeidpartnarar og publikum. Me ser no fram mot vårt neste store prosjekt, Miss Saigon i Moster Amfi sommaren 2009.
BML er i gang med å caste ensemblet til Miss Saigon, etter å ha avholdt fire auditions denne hausten. Regi og scenografiplaner er under utarbeiding, det samme er oversetjing av manus. Billettsalet har ein planlagt start medio januar 2009. Det er med andre ord stor aktivitet i organisasjonen, og mange ting skal på plass dei neste mnd.
BML avholdt årsmøte laurdag 1. november. Me var igjennom årsmøtesaker og informasjon om Miss Saigon, før me avslutta kvelden med eit sosialt lag. Me takker Gunn som trer ut av styret, og ynskjer Cecilia hjarteleg velkomen inn. Oppdatert styre og referat ligg under "Om BML". Årsmelding finn du her:
Årsmelding BML 2008.doc
|